18 desember 2008


das leben der anderen: norge 2008.


eg fekk nett eit brev. ganske uskyldig låg det der i bunken med post, vinduskonvolutt merka "B økonomi". eg åpna han, såg skattekortet, la det bak dei andre papira som eg byrja lese på. sitat:

"MinID - felles innlogging til offentlege tjenester." Og det var ikkje måte på nedover, for her kunne eg faktisk utføre ein heil drøss med tenester gjennom ein enkelt portal - i beste "kun med få tastetrykk"-stil: skatteetaten, lånekassa, nav, altinn og gud hjelpe meg til og med varsel om sesjon, kunne eg administrere her.

og det beste var at det heile var lagt fram som om det var sjølsagt at eg skulle bruke opplegget. pinkodar og gode greier, punktmerka framgangsmåte og krise-faq med spørsmål av typen "eg har ikkje pinkodar, kva gjer eg?"

og eg tenker: KVA FAEN?
kor dumme trur dei at vi er, eigentleg? sjå her no:

punkt nummer ein.


først var det denne fingeravtrykksinnlogginga til SAS. "datamaterialet lagrast ikkje nokon plass, vi brukar det berre mellom innsjekkinga og ombordstiging..." heh, jada - RIKTIG. omtrent alle du kjenner reiser ein eller ein anna gong med fly, ikkje usannsynleg er det SAS. kva vil vere den enklaste, mest diskré og kjappaste måten å samle inn biodata frå alle innbyggarar på? vi pakkar det inn i ei innpakning som seier "effektivitet, kreativitet, framtidsretta løysing" og vips. NO PROBLEM.

punkt nummer to.


facebook og google. de som trur at facebook berre er "a social utility that allows you to connect and share with the people in your life", må bu seg på ei overrasking i framtida. "hei, kanskje vi kan få folk til å legge ut bilder av seg sjølv og skrive om alt dei driv på med, så lagrar vi berre infoen? ikkje noko problem det, berre å skrive i "terms & conditions" at vi kan gjere det. den sida er det jo aldri nokon som orkar lese uansett..." og google? hei, vi tar da berre kopi av alt som nokon gong har vorti lagt ut på nettet. og så lagrar vi like godt alle søk og knytter det til IP-adresser." eg seier ikkje meir.

punkt nummer tre.


biobankar. for kva er det eigentleg dei driv med på svalbard? og kvifor fins det i det heile eit høringsnotat om "utkast til forskrift om unntak fra krav om godkjenning for overføring av hele eller deler av en biobank til utlandet m.m."? Og akkurat kva står "med meire" for her? dette er ein av dei kritiske dokumentarane brennpunkt kjem til å lage i framtida, merk dykk det.

punkt nummer fire.


sporing. via bankkort og kredittkort - eg kan allereie spore opp meg sjølv via kontoutskrifta mi, så kvifor skulle ikkje dette vere i andre si interesse? paypal og lignande tenester sorterer sjølvsagt under dette punktet, i tillegg til mobilen. og eg skal berre fortelle deg at alt du skriv på melding blir lagra. garantert. kvifor trur du ellers det var så stort fokus på IKT-driftsfag i si tid? alle samtalar blir behørlig registrert. det er ikkje sikkert du er direkte overvaka enno, men ta no endeleg ikkje på veg for det! overvakinga kjem, så berre ta det heilt med ro!

og så kjem altså dette brevet i postkassa mi, på femte - og heilt sikkert ikkje siste - plass. minID. all økonomisk info om lån, skatt, pensjon og sjølvmelding, helserelaterte saker som fastlege (det neste blir vel at "min journal" blir ei eiga fane i denne fantastiske portalen?), arbeidsdata som nav-tiltak og tenester for sjølvstendig næringsdrivande.

jo du. her har dei lagt opp til det heilt store, kva?
dette er motivasjon for å stikke til skogs.
åt skogen går det uansett, ser det ut til.

for å sitere michel foucault: panoptikon.

eller for å sitere johan borgen: vi har ham nå.


Ingen kommentarer: