24 november 2006
midt i forelskinga
kva er meir vanskeleg -
a) å vere forelska
b) å ikkje vere forelska
eller
c) å ikkje vite om ein er forelska?
eg synest det siste. i tillegg veit eg ikkje kven
eg eventuelt er/ikkje er forelska i.
og det gjer jo ikkje saka lettare.
eg berre kjenner meg forelska.
men eg er jo fast bestemt på at det å vere forelska i
fleire samtidig, er heilt vanleg, og etter alle solemerker heilt okei
- så lenge det ikkje går ut over nokon.
dessverre er dette ofte konsekvensen.
for viljestyrke? nei, det har vi IKKJE sett.
men tilbake til saka:
eg har høyrd at når ein ikkje veit om ein er forelska,
så er ein forelska. eg trur vi går for den!
og kva meir: kvifor blir eg alltid forelska midt i eksamenstida?
enten våren (midten av mars er visst eit heitt tips)
eller seinhaustes (rett før folk drar heim til jul).
kva ER dette? skikkelig upraktisk...
men som sagt: ein velger ikkje kven ein forelskar seg i.
heller ikkje når.
men det eg kan seie, er at ein av dei i det minste verkar normal!
*puh*
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
Det verste e å itj våttå om du e ferelska eller om du e forelska i forelskelsa....
eni me Camilla, de e vældi vanskeli akkurat de der! Men e du forelska Martine? kjæm på no de e litt væl læng si æ ha treft dæ:s
Det lureste er jo uansett å holde seg langt unna. Blir så mye mindre styr da.
Legg inn en kommentar