16 november 2006


eg merker meg at språkinnlegget mitt for nokre dagar sidan,
toppar kommentarstatistikken. språket er i vinden igjen, så å seie.

  • stå på, camilla!


  • interessant sak - både per definisjon,
    som sosialt fenomen og ifht. identitet!

    cam, du må gjerne sende meg den eposten tilbake,
    så skal eg legge han ut her. (kva? lagre, eg? nei,ikkje heller.)

    så til det sentrale: kva meiner de om dette?

    2 kommentarer:

    RuthieFruity sa...

    No har ikkje eg høyrt (gode gud, eg har ikkje skrive nynorsk på 3 år! Og eg veit at eg ikkje skriv bra, berre så det er sagt) på nemnte nyhendesending og debatt, men eg meiner ein må få skrive og snakke kva målform ein vil på radio, så framt det er forståeleg. Elsker vi ikkje alle Audhild Gregoriusdotter Rotevatn?
    Men ein ting: nynorsk er da vitterleg eit skriftspråk, ikkje noko ein talar? Det lærte iallfall eg på skulen (så kan det diskuterast om eg lærte å skrive nynorsk...).

    fristatprinsessa sa...

    Så sant som det er sagt. Nynorsk er skriftspråk. Bokmål er skriftspråk. Radio er tale. Ergo burde vi brukt talemål - altså dialekt. Men det seier NRK neeeeeeeei!!!! til....

    ps: god nynorsk;)