24 november 2006
midt i forelskinga
kva er meir vanskeleg -
a) å vere forelska
b) å ikkje vere forelska
eller
c) å ikkje vite om ein er forelska?
eg synest det siste. i tillegg veit eg ikkje kven
eg eventuelt er/ikkje er forelska i.
og det gjer jo ikkje saka lettare.
eg berre kjenner meg forelska.
men eg er jo fast bestemt på at det å vere forelska i
fleire samtidig, er heilt vanleg, og etter alle solemerker heilt okei
- så lenge det ikkje går ut over nokon.
dessverre er dette ofte konsekvensen.
for viljestyrke? nei, det har vi IKKJE sett.
men tilbake til saka:
eg har høyrd at når ein ikkje veit om ein er forelska,
så er ein forelska. eg trur vi går for den!
og kva meir: kvifor blir eg alltid forelska midt i eksamenstida?
enten våren (midten av mars er visst eit heitt tips)
eller seinhaustes (rett før folk drar heim til jul).
kva ER dette? skikkelig upraktisk...
men som sagt: ein velger ikkje kven ein forelskar seg i.
heller ikkje når.
men det eg kan seie, er at ein av dei i det minste verkar normal!
*puh*
20 november 2006
du må vesst te å høgg meir tømmer - og eta minnjer jordber...
har du nånn gång tenkt at aill menneska
er verdt å ferælsk sæ i?
har du nånn gång lurt på om kanskje ikke
Ditt Livs Kjærlighet faktisk va deinn
som nettopp gikk ferbi dæ på gata?
trur du på skjebnen?
trur du at "deinn rette" fins?
...og har du nånn gång vorri så ferælska
at det kjeinnes ut som om
hjertet kjemstå eksploder
i tusen milliona bita?
18 november 2006
hybelkanybel i går!
(fleire bilete på flickr!)
john wayne, charlestonglam og....kjedelig, kristoffer?
crème de la crème - ...benkslitasje?
...men kva driv sven med borti vinduet?
nokre heldige utvalde vart inviterte med på fjelltur...
erlend, trekk til deg auga!
(eller kva meiner du, nina?)
og eg har vondt i føtene, potetgull utover golvet...
- og eg er nett sagt lykkeleg!
(ps:no veit eg kven som vil ha kven...
og kven som ikkje liker kven!)
16 november 2006
eg merker meg at språkinnlegget mitt for nokre dagar sidan,
toppar kommentarstatistikken. språket er i vinden igjen, så å seie.
interessant sak - både per definisjon,
som sosialt fenomen og ifht. identitet!
cam, du må gjerne sende meg den eposten tilbake,
så skal eg legge han ut her. (kva? lagre, eg? nei,ikkje heller.)
så til det sentrale: kva meiner de om dette?
11 november 2006
07 november 2006
05 november 2006
Abonner på:
Innlegg (Atom)